Dramaplanen i L97
Startside Opp Evaluering av L97 Elevaktiv læring Egne Publikasjoner Kompetansetilbud Litteratur Lenker

 

DRAMA I L97 - En horisontal læreplan

En gjennomgang av L97 sin fagplandel med tanke på hva denne konkret sier om drama.  

Gå til  

Arbeidsmåter    Skapende virksomhet    Leik

Mål som inkluderer drama i Norsk 

Arbeidsmåter som inkluderer drama i KRL

Gå til målmomenter som inkluderer drama:

1 klasse   2 klasse   3 klasse   4 klasse   

5 klasse   6 klasse   7 klasse   

8 klasse   9 klasse   10 klasse

 

ARBEIDSMÅTAR, LÆREMIDDEL OG VURDERING

Arbeidsmåtar

Læreplanane for faga legg vekt på at elevane skal vere aktive, handlande og sjølvstendige. Dei skal lære ved å gjere, utforske og prøve ut i aktivt arbeid fram mot ny kunnskap og erkjenning.

Skapande verksemd og kreative uttrykksformer

I opplæringa skal ein leggje stor vekt på kreative uttrykksformer, opplevingar og refleksjon. Dette skal knytast til arbeidet med fag, i tema- og prosjektarbeid.

Drama som fagområde og metode er ein del av innhaldet og arbeidsmåtane i fleire fag.

Skapande verksemd, opplevingar og kreative uttrykksformer skal lyftast fram i opplæringa.

Leik

Leik er fantasi, utprøving, samhandling og eit naturleg grunnlag for fysiske, sosiale og intellektuelle utfordringar. Leiken gir røynsle i å meistre oppgåver og utfordringar til å ta ansvar for seg sjøl og andre.

Leik er aktivitet ut frå eiga lyst og er ei viktig kjelde til læring, spesielt i dei første skuleåra. Gjennom leik utviklar barna språk, omgrep og kommunikativ kompetanse, får øving i kroppsmeistring og motorisk dugleik, praktisering av samarbeid, trening i å lære og å følgje reglar og å prøve ut i fantasien det ein skal gjere i røynda. Leikprega tilnærming til organiserte oppgåver og aktivitetar kan skape motivasjon og interesse og gjere opplæringa spennende og allsidig.

 

ARBEIDS- OG UTTRYKKSFORMEN DRAMA I FAGENE

NORSK:

Opplæringa må sleppe elevane til som aktivt utforskande i si eiga læring og på den måten stimulere dei til å bli meir forvitne, få større lærelyst og meir fantasi.

Til alle tider har det vore ein samanheng mellom litterære tekstar og andre uttrykksformer, frå dans og drama til musikk og biletkunst. Opplæringa i norsk må derfor knytast nært til dramatiske og estetiske uttrykk. Leiken er ei livsform for dei yngste og ei viktig læringsform.

 

 1.-4.klasse

Elevane skal få oppleve rikdommen i eit breitt utval litteratur i ulike sjangrar som kan gi inspirasjon til leik og framføring. Dei skal gjennom eiga utfalding få oppleva det fysisk-dramatiske i litteraturen.

5. - 7.klasse

Elevane skal møte munnlege tekstar frå ulike kulturar og erfare at det er mangfald og variasjon. Dei skal oppleve drama og teater som uttrykksform, og dei skal bruke ulike medium i arbeid med framføringar.

8.-10.klasse

Dei skal oppleve scenekunst som uttrykk og dramatisk metode og erfare at det skrivne ordet blir levande gjennom dramatiske tekstar.

 

KRISTENDOM MED RELIGIONS- OG LIVSSYNSORIENTERING

Den estetiske dimensjonen har til alle tider vært en sentral del av det religiøse uttrykk. Det er nærliggende å la dette slektskapet mellom religiøs og estetisk arv komme tydelig fram i opplæringn gjennom vekt på bildende kunst, arkitektur, musikk, drama og litterære tekster.

På alle trinn skal elevene gjennom varierte arbeidsmåter, som kan inkludere bruk av gjenfortelling, drama, lek, forming, musikk og prosjektarbeid, få kunnskaper og opplevelser i møtet med lærestoffet.

Den estetiske dimensjonen i faget åpner for samarbeid med praktisk-estetiske fag som kunst og håndverk, musikk og drama.

 

DRAMA - MÅL OG HOVEDMOMENT I FAGENE

 

I opplæringa skal elevane:

1 klasse

-    utfalde seg gjennom allsidig leik, delta i rolleleik og

bruke

-    leike og eksperimentere med ord, lydar, rim og rytme, bruke

ellingar, songleikar, mellom anna enkle samiske rim og regler, framføre dikt, songar og barnereglar, gjette gåter og fortelje vitsar (norsk)

-    sjå video eller fjernsynsprogram og snakke om det dei ser, bruke telefon og opptak til kommunikasjon og rolleleik (norsk)

-    snakke om munnlege episke sjangre og sjangrar som blir brukte i leik (norsk)

-    oppleve musikk, song og dans som leik, og arbeide med å gi uttrykk for si oppleving av eventyr og forteljingar gjennom song, dans, drama og anna musisk aktivitet (musikk)

-    få tid og høve til fantasileik og rolleleik som gir fysisk utfalding og rørsleerfaring (kr.øv)

-    bruke tallbilder, bruke ord for tall og for relasjoner mellom tall og trene telling oppover og nedover gjennom lek, samtaler, i rollespill og rytmiske aktivitete (matematikk)

-    øve seg på å gi uttrykk for korleis dei opplever ulike livsområder gjennom song, dans, drama og anna musisk aktivitet (musikk)

 

2.klasse

-    leike, og lære gjennom leik, leike med ord, gjette gåter og lære nokre ordtak (norsk)

-    framføre enkle rollespel eller dramatiseringar i klassen, eller for foreldra (norsk)

-    samtale om skilnader mellom sjanrar dei arbeider med, lære noko om det sørgjelege og det morosame og sjangrane tragedie og komedie (norsk)

-    arbeide med roller og replikker i ein dramatisk tekst, vurdere verdien av stemmebruk og kroppsspråk, få noko røynsle med enkle rekvisittar (norsk)

-    få tid til og høve til fri leik slik at dei kan utvikle fantasien og lage nye leiker (kr.øv.)

-    utforske lyder, rim og rytme i språket, lage og framføre korte muntlige tekster, bruke bilder, film og musikk sammen med tekster for å leve seg inn i og skape mening i de tekstene de møter, tegne og forme innholdet, delta i dramatiseringer og rollespill (engelsk)

-    nytte naturen til leik og dramaaktivitetar (kr.øv.)

 

3.klasse

-    fortelje og framføre tekstar dei har laga sjølv, vera med i skodespel, laga replikkar og ta del i framføringar med seg sjølv eller med dokker som rollefigurar. Tileigne seg lærestoff gjennom leik, song, dans, rollespel og dramatisering. (norsk)

-   gi uttrykk for korleis dei opplever og forstår ulike sider ved musikk gjennom aktiviserande uttrykksformer, mellom anna dans og drama (musikk)

-    gjennom leik og andre former for fysisk aktivitet utvikle kunnskap om oppbygging av kroppen (kr.øv.)

-    arbeide med tekster sammen med bilder, film og musikk, uttrykke det de oppelver i tekstene, i ulike formingsoppgaver, bruke engelsk i lek, rollespill og dramatiseringer (engelsk)

 

4.klasse

 -   arbeide med tekstar som tek opp konfliktar dei kan kjenne seg att i. Utforske vennskap og uvennskap, rettferd og urettferd, krangel og forsoning gjennom diskusjon, improvisasjon og rollespel (norsk)

-    gi att og lage dramatiseringar av forteljingar, og eventuelt formidle dei med video eller kassettspelar (norsk)

-    øve seg i å framføre enkle talar og leggje fram fagstoff i klassen (norsk)

-    samtale om kva som gjer muntlege framføringar gode, og vurdere set språket vi bruker når vi argumenterer (norsk)

-    øve seg i å formidle songtekstar og songinnhald i dramatisert form, mellom anna gjennom syngjespel, dokketeater og rollespel (musikk)

 -   få oppleve korleis musikk kan vere ein integrert og meiningsfull del av temaarbeid, og korleis musikk, song, dans og drama kan vere med på å skape eit positivt skolemiljø gjennom felles framføringar og musikalsk arbeid på tvers av fag, klassar og aldersteg. (musikk)

 -   få kjennskap til enkel scenografi gjennom skapende arbeid (forming)

-    eksperimentere med språket, lytte, tale, lese, skrive, lage egne tekster, levendegjøre dem gjennom utstilling og framføring/dramatisering  (engelsk)

 

5.klasse

-    bruke rollespel og improvisasjon til å leve seg inn i situasjonen til andre og prøve ut korleis dei kan ordleggje seg, bruke dramatiske arbeidsmåtar som agering og mime. (norsk)

-    vurdere innhold og form i fjensynsprogram, få noko kunnskap om mediet og ta til å reflektere over det dei ser. (norsk)

-    lese og oppleve nyare dikt. Formidle dikt gjennom dramatisering og framføring. (norsk)

-    delta i framføringar med dans, drama, språk og bilete, der lytting til musikk er utgangspunktet, og der siktemålet mellom anna er å vise korleis musikken er bygd opp, korleis musikken formidler ei stemning og korleis elevane opplever musikken (musikk)

-    utvikle skaparevne gjennom leik, kreativ dans og enkle dramaaktivitetar (kr.øv.)

-    arbeide med dramaaktivitetar for å utvikle evnen til å gi uttrykk for kjensler og stemningar gjennom rørsler (kr.øv.)

-    bruke tekster som forbilder og som utgangspunkt for å ta språket i bruk selv, utforme muntlige og skriftlige tekster i ulike sjangrer og formidle tekstene sine, f eks skrive fortellinger og skuespill sammen, arbeide med rollespill og dramatisering (engelsk)

6.klasse

-    forske ut lærestoff, til dømes kunnskap om andre kulturar, gjennom dramafaglege aktivitetar, til dømes mime, kroppsrørsle og rytme (norsk)

-    lytte til og sjølv lage eit “radioprogram”, til dømes høyrespel, intervju eller reportasje, dramatisere ei forteljing og gjere opptak (norsk)

-    arbeide med å forstå korleis komponistar brukar formprinsipp som imitasjon, repetisjon og variasjon gjennom samtale, dans, drama og andre visuelle og verbale uttrykksformer (musikk)

-    arbeide med dramaaktivitetar for å kunne bruke kroppen som uttrykksmiddel (kr.øv.)

-    gjenfortelle og dramatisere tekster, f eks fortellinger, eventyr, egne og andres tekster, skape egne tekster i ulike sjanger, både muntlig og skriftlig (engelsk)

 

7.klasse

-    bruke kropp og steme i ulike spelsituasjonar og utforske og utvikle den personlege, dramatiske uttrykksevna. Eksperimentere med å framføre ein tekst på ulike måtar. Om mogeleg bruke video som hjelpemiddel. Spele kabaret, revy eller teater for andre, til dømes foreldre, med noko sjoølvlaga materiele (norsk)

-    få røynsle i å ta ordet i ei større forsamling og slik oppdage at dei meistrar den utfordringa. (norsk)

-    studere særtrekk ved dramatiske sjangrar dei arbeider med og drøfte kriterium for framføring av dramatiske tekstar (norsk)

-    delta aktivt i prosjekt og framføringar der musikklytting er ein vesentleg del, og der elevane får vist korleis dei forstår og opplever ulike typer historisk musikk gjennom ulike uttrykksformer, til dømes dans og drama (musikk)

 

8.klasse

-    arbeide med innlevande og kritisk lytting, improvisasjon og rollespel (norsk)

-    syngje og danse/dramatisere nokre folkeviser og dramatisere anna folkedikting (norsk)

-    diskutere innhaldet og verkemiddel i ungdoms- og underhaldningsprogram i radio og fjernsyn (norsk)

-    arbeide med intervjuteknikk, registrere kroppsspråk, stemningar og liknande, og leggje til rette materielet til skriftleg tekst (norsk)

-    nytte tekster som forbilder og utgangspunkt for å bruke språket i ulike kommunikasjons situasjoner, bruke sin kunnskap om språket og eksperimentere med språket når de utformer tekster, f eks i samspill med andre uttrykksformer som bilder, musikk, sang, dans og drama (norsk)

 

9.klasse

-    tileigne seg litterært stoff og fagstoff gjennom dramatisering og framføring, arbeide med ulike måtar å framføre lyrikk på (norsk)

-    framføre viser, songar, rocketekstar og samtale om innhald og språk (norsk)

-    vurdere etiske og estetiske sider ved utval og fokus i musikkvideoar og ungdomsprogram på fjernsyn (norsk)

-    tilegne seg litterært stoff og fagstoff gjennom dramatisering og anna scenisk framføring, presentere prosjektarbeid og bli medvitne om kva framføringa har å seie for oppleving og forståing (norsk)

-    arbeide med framsyningar som integrerer ulike kunstformer og fleire skuleslag (musikk)

-    få oppleve og bli kjende med korleis dans, rørsle og uttrykksformer knytte til drama er ein integrert del av ulike former for musikk og scenekunst (musikk)

-    arbeide med et rikt og variert utvalg av tekster ......, utdrag av skuespill, hørespill, dramatiseringer, musikkspill...., tekster hentet fra medier, f eks film radio, fjernsyn, aviser og tidsskrifter (engelsk)


10.klasse

-    oppleve teaterframsyningar, eventuelt videoopptak, drøfte innhald og framføring. Spele teater og framføre/dramatisere/spele dramatiske tekstar av skodespelforfattarar eller tekstar dei sjølv har laga. Forme ut roller og replikker, arbeide med stemmebruk, pauser og kroppsspråk. Få røynsle med reelle og imaginære rekvisittar. (norsk)

-    arbeide med dramatiske sjangrar, verkemiddel i dramatiske tekstar, framsyningar og teater. Få noko kjennskap til teaterhistorie, vurdere verkemiddel i film, fortelemåte, samspel mellom bilete, tale og lyd, og samanlikne bok og film (norsk)

-    samarbeide om praktiske musikk- og danseprosjekt der dei får vist brei kunnskap om ulike musikkformer og musikkelement gjennom språk og andre uttrykksformer, til dømes kollasj, revy og musikkdramatiske spel.(musikk)

-    øve seg i å lytte aktivt til eit breitt utval av musikk frå ulike sjangrar og kulturar og vise denne kunnskapen språkleg og gjennom andre aktuelle arbeids- og uttrykksformer, mellom anna dans og drama (musikk)

 -   arbeide med autentiske tekster fra ulike tidsepoker, bl a .....utdrag av skuespill, f eks William Shakespeare og Tennessee Williams, utdrag av filmer, dramatiseringer av romaner og skuespill, musikkspill, filmer..... (engelsk)  

Bruk ev. tilbake knappen øverst til venstre på verktøylinja for å komme

tilbake til spørreskjemaet.